Flåtemakt mot sjørøvari. Utsending av orlogseskadrar mot sjørøvarar, kaperar og fribyttarar under Christian IV (1588–1648)

Denne avhandlinga tek sikte på å undersøke omfang og betyding av marinetokt mot sjørøvarar, kaperar og fribyttarar i dansk-norske havområde. Avhandlinga tek utgangspunkt i å kartlegge og registrere omfanget av konkrete patruljeoppdrag for å sjå om dei kan seie noko om voldsutøving på havet i løpet av formyndarstyret og regjeringstida til Christian IV (1588–1596). Det er brukt kontekstuell komparativ kjeldekritikk på kjeldematerialet som ligg til grunn. Ståstaden til kjeldeprodusenten har vore eit viktig element for å sjå på kva omgrep som vert nytta om dei aktuelle aktørane. Starten av 1600-ta... Mehr ...

Verfasser: Berger, Marie Nystuen
Dokumenttyp: Master thesis
Erscheinungsdatum: 2016
Verlag/Hrsg.: UiT Norges arktiske universitet
Schlagwörter: VDP::Humaniora: 000::Historie: 070::Nyere tids historie (før 1800): 082 / VDP::Humanities: 000::History: 070::Recent history (before 1800): 082 / Christian IV / Tidleg nytid / 1600-talet / 17th century / Handel / Diplomati / Sjørøvar / Pirat / Kaper / Privateering / Orlogseskadre / Krig / Piracy / Fribytter / Flåte / Marine / Dunkerkar / Dunkirker / Barbarkorsar / Barbary States / James I / Jens Munk / Danmark-Noreg / Island / Orknøyene / \ / Vestersøen\ / Nordsjøen / North Sea / Dunkerque / Dei sameinte Nederlanda / Dei spanske Nederlanda / Holland / HIS-3900
Sprache: Norwegian Nynorsk
Permalink: https://search.fid-benelux.de/Record/base-27155592
Datenquelle: BASE; Originalkatalog
Powered By: BASE
Link(s) : https://hdl.handle.net/10037/12977

Denne avhandlinga tek sikte på å undersøke omfang og betyding av marinetokt mot sjørøvarar, kaperar og fribyttarar i dansk-norske havområde. Avhandlinga tek utgangspunkt i å kartlegge og registrere omfanget av konkrete patruljeoppdrag for å sjå om dei kan seie noko om voldsutøving på havet i løpet av formyndarstyret og regjeringstida til Christian IV (1588–1596). Det er brukt kontekstuell komparativ kjeldekritikk på kjeldematerialet som ligg til grunn. Ståstaden til kjeldeprodusenten har vore eit viktig element for å sjå på kva omgrep som vert nytta om dei aktuelle aktørane. Starten av 1600-talet var ei brytningstid der maktpolitiske strukturar og diplomati utvikla seg og fann nye vegar, og der handel og ekspedisjonar førte til ekspansjon og imperiebygging. Orlogseskadrane har vorte sett på i lys av jurisdiksjon og råderett på havområda og dei mange krigane i tidleg nytid. Desse var eit bakgrunnsteppe for utvikling av sterke mariner og utvikling av eit fungerande kapersystem. Christian IV sendte ut over 70 eskadrar på tokt med hovudoppdrag eller sideoppdrag å sjå etter sjørøvarar, kaperar og fribyttarar. Eit fåtal av desse har vi rapport etter, til dømes frå Jørgen Daa og Jens Munk sin ekspedisjon i 1615 som fakka sjørøvaren Jan Mandaus utanfor Kolakysten. Avhandlinga nyanserer biletet av sjørøvarane og kaperane på dansk-norske havområde i tidleg nytid, gjennom å sjå på det tilgjengelege kjeldematerialet. Dunkerkarane vert trekt fram som kaperar som opererer i grenseområdet mellom sjørøvar, fribyttar og kaper. Avhandlinga byggjer på empirisk materiale frå danske og norske arkiv, og gir eit innblikk i eit emne det er forska lite på frå dansk-norsk side.